Ringfjell

(Omdirigert frå Månekrater)

Ringfjell er ringforma fjelldanningar, først observert på månen, men seinare påvist òg på planetane Merkur, Venus og Mars og på ein rekkje av månane til planetane.

Webb, sett frå Lunar Orbiter 1. Fleire mindre krater ligg i og kring Webb.

Ringfjella er stort sett danna som nedslagskrater. På grunn av mangelen på vatn, atmosfære og tektonikkplater er det lite erosjon på månen og somme av planetane, og kratera kan vere over to milliardar år gamle.

Ei vollslette er eit vanleg omgrep for store ringfjell.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Ringfjell