Månelys eller måneskin er sollyset som blir spegla av månen[1] og treff jorda.[2]

Månelys over Bjørnafjorden
Holma båtklubb i Lysekil opplyst av månelys

Intensitetet til månelyset varierer mykje etter månefase, men sjølv ved fullmåne gjev det typisk berre 0,05–0,1 lux illumination.[3] Til samanlikning gjev sollys på ein overskya dag rundt 1000 lux.

Purkinje-effekten gjer at ein oppfattar blå og grøne fargar betre enn raudt ved låg luminans. Dette gjer at ein ofte oppfattar det svake månelyset som blåleg.

Kultur endre

Månelys har ei viktig rolle i kulturen. I kunstverk, på film og i litteratur og songtekstar kan det ha ei mystisk eller romantisk tyding. I folketru kan månelyset til dømes vekka opp ein vampyr eller forvandla eit menneske til ein varulv.

Kjelder endre

  1. «Varför lyser månen så starkt?». 2007. Henta 20. september 2014. 
  2. G. J. Toomer (desember 1964). «Review: Ibn al-Haythams Weg zur Physik by Matthias Schramm». Isis (på engelsk) 55 (4): 463–465. doi:10.1086/349914. 
  3. Kyba, Christopher C M; Mohar, Andrej; Posch, Thomas (1. februar 2017). «How bright is moonlight?». Astronomy & Geophysics 58 (1): 1.31–32. doi:10.1093/astrogeo/atx025. Henta 14. februar 2017.