Måsøyfjorden
Måsøyfjorden er ein fjord i Måsøy kommune i Finnmark mellom Hjelmsøya og Måsøya. Fjorden har ei lengd på 9 km frå nord til sør og har opning ut mot Barentshavet i nord. I sør grensar fjorden til Breidsundet som ligg på sørsida av Hjelmsøya og Måsøysundet som ligg på sørsida av Måsøya. Lenger sør går Kullfjorden vidare sørover.
Måsøyfjorden | |||
fjord | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Kommune | Måsøy | ||
Måsøyfjorden 71°03′27″N 24°51′38″E / 71.05756889°N 24.86068694°E |
I nord startar fjorden mellom Svartviknæringen i vest og holmen Måsøykalven i aust. I sør endar han mellom Straumsnesodden i vest og Varnesset i aust. To småbruk ligg ved fjorden på Hjelmsøya, kalla Russesund og Svartvik. Fjorden er 119 meter på det djupaste, like vest for Måsøykalven. 71°3′27.248″N 24°51′38.473″E / 71.05756889°N 24.86068694°E