Opna hovudmenyen
Måsøya
Lokalt namn: Muosáidsuolu
Geografi
Norway - Måsøya.png
Stad Nord-Noreg
Koordinatar 71°01′20″N 24°59′11″EKoordinatar: 71°01′20″N 24°59′11″E

Areal 13,9 km²

Høgaste punkt Hollendaren (290 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Finnmark

Demografi
Folketal 54 (2001)
Folketettleik 3,9 /km²

Måsøya (samisk: Muosáidsuolu) er øya som Måsøy kommune i Finnmark er kalla opp etter. Ho ligg aust for Havøysund og vest for Magerøya. Måsøya har eit areal på 13,9 km², og det høgaste punktet på øya er Hollendaren på 290 moh. Måsøya hadde 54 innbyggjarar i 2001.

På Måsøya ligg fiskeværet Måsøy. Øya var i tidlegare tider kommunesenter. Salmediktar Magnus Brostrup Landstad var født på Måsøya. Ei villreinstamme på rundt 40 dyr held til på øya.

Det er hurtigbåtsamband frå Måsøya til Havøysund.

BakgrunnsstoffEndra