Mæl stavkyrkje

riven stavkyrkje i Tinn

Mæl stavkyrkje var forgjengaren til dagens Mæl kyrkje, som står på Ørnes (gnr. 107) i Tinn kommune, om lag 100 meter søraust for tunet på garden. Stavkyrkja stod på same tomta, men visstnok lengre ut mot kyrkjegardsmuren, tett innmed der den noverande kyrkja står.[1] Eldste kjende omtale er frå 31. mars 1358 i samband med ei gravferd.[2] Det er vanleg å rekne med at kyrkja vart oppført på 1100-talet.[3] Ifylgje Lorentz Dietrichson[4] hadde stavkyrkja open svalgang, og ho skal ha vore av samme slaget som Atrå og Dal. Ein trur at kyrkja vart riven like etter at dagens kyrkje vart innvigd i 1839.

Portalplankar frå Mæl stavkyrkje
Foto: Ørnulf Hjort-Sørensen
Portalplankar med illustrasjon frå soga om Sigurd Fåvnesbane
Foto: Ørnulf Hjort-Sørensen

Gjenstandar frå stavkyrkja endre

Frå stavkyrkja er det teke vare på portalplankar i Tinn museum. Elles var gjenstandar frå kyrkja i si tid spreidde på bygda.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

Fotnotar endre

  1. Sjå t.d. Brendalsmo, s. 73.
  2. Þet se ollum monnum kunnigt at ek lon prestr a Rollaghe vidær gengær þi med þesso minu brefue at ek var j hia þa er An 1358, 279 undær Hælghæson andædest firir attenda dagh iolæ a mandaudæ vettre nom ok han liggær at Mælsz kirkiu a Tinni... (Diplomatarium Norvegicum I:355).
  3. Jf. Brendalsmo samt Henriksveen, s. 121.
  4. Dietrichson, s. 491.