Tinn kommune

kommune i Telemark

Tinn kommune er ein kommune i Telemark-området i Vestfold og Telemark fylke. Kommunen grensar i nord mot Nore og Uvdal, i aust mot Rollag og Flesberg kommune, i sør mot Notodden, Hjartdal og Seljord kommune, og i vest mot Vinje kommune.

Tinn kommune
kommune
P1000747Rjukan.JPG
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestfold og Telemark
Adm.senter Rjukan
Areal 2 045 km²
 - land 1 858 km²
 - vatn 187 km²
Folketal 5 546 (1. januar 2023)
Målform nøytral
Ordførar Steinar Bergsland (H)
Kommunenr. 3818
Map
Tinn
60°0′33″ N 8°33′34″ E
NO 3818 Tinn.svg
Wikimedia Commons: Tinn
Nettstad: www.tinn.kommune.no

Tinn kommune strekkjer seg langt inn på Hardangervidda. Kjende stadar i Tinn er Gaustatoppen 1 883 moh. Årleg går 30 000 menneske til toppen av fjellet. Ein reknar med at på klåre dagar kan sjå om lag 1/6 av Sør-Noreg frå toppen. i 2004 byrja ei storstilt utbygging ved Gaustatoppen til ein stor vintersportsstad.

Krossobanen er den fyrste kabelbanen i Nord-Europa. Han vart bygd i 1928 som ei gåve frå Norsk Hydro.

Norsk Industriarbeidermuseum på Vemork fortel historia om industriutbygging bygd på vasskraft. Rjukanfossen var grunnlaget for Vemork, den største kraftstasjonen i verda i 1911. Stasjonen har no vorte eit museum der ein kan oppleva det fantastiske energieventyret og sjå utstillingar om industriutviklinga i Noreg og på Rjukan.

Museet er kanskje mest kjend for sin presentasjon av Rjukan sin krigshistorie. På Vemork fann ein av dei viktigaste sabotasjeaksjonar under den andre verdskrigen stad, då norske sabotørar hindra tyskarane i å utvikla atomvåpen av tungtvatnet som vart produsert her. Utstillinga "Atomkappløpet" gjev ein presentasjon av dei fire tungtvassaksjonane og dei allierte sine forsøk på å utvikla ei atombombe. I filmrommet vert filmen "If Hitler had the bomb" vist - ein dokumentar om tungtvassabotasjen.

Folk frå TinnEndra

BileteEndra

BakgrunnsstoffEndra

Koordinatar: 59°50′5.5″N 9°08′7.0″E