Møbelmuseet, tidlegare Norsk Møbelfaglig Senter (NMFS), er eit museum og dokumentasjonssenter for møbelindustrien i Noreg. Det ligg i Sykkylven kommune.[1]

Møbelmuseet
StadSykkylven
Kart
Møbelmuseet
62°23′27″N 6°35′02″E / 62.39090556°N 6.58392778°E / 62.39090556; 6.58392778

Institusjonen vart etablert i 1994, og fekk sine første to tilsette i 1995, utstillingskonsulent Milla Krogstad og historikar Eldar Høidal. Dei første åra hadde senteret ei rekkje utstillingar der sentrale norske møbeldesignarar, som Alf Sture, Adolf Relling og Olav Eldøy vart presenterte. Fram til 2000 heldt Norsk Møbelfaglig Senter til i den representative sveitservillaen, Berlihuset, i Sykkylven sentrum. Då flytte senteret til tidlegare Strømme konfeksjonsfabrikk, der NMFS også held til i dag. (2019)

I tillegg til designutstillingane skipa NMFS i åra 1995 til 2004 til ei rekkje faglege arrangement for møbelindustrien, innafor felt som produktutvikling, materialbruk og IKT. I 2004 vart senteret konsolidert med Sunnmøre Museum og sidan har den museumsfaglege aktiviteten stått i sentrum. NMFS har eit rikhaldig bibliotek, kjeldeskrift frå møbelbedrifter, ei omfattande samling med intervju, bildearkiv m. m. Senteret har også ei stor samling møblar og produksjonsutstyr som viser utviklinga av den møbelindustrielle produksjonen i Noreg frå ca 1900 og fram til i dag. I den faste utstillinga kan ein sjå møblar frå heile møbelindustriens historie, med hovudvekt på stoppmøblar.

Norsk Møbelfaglig Senter har også teke på seg å skrive bedriftshistorier og gjort anna formidlingsarbeid innan norsk møbelproduksjon.I 2005 vart det oppretta ei venneforeining for NMFS. Foreininga har gjennomført ulike aktivitetar for å skape interesse for historia.

Frå 2008 til 2018 var Kjetil Tandstad dagleg leiar ved Norsk Møbelfaglig Senter. Frå 2018 er Eldar Høidal avdelingsleiar ved museet.

Kjelder endre

  1. Norsk Møbelfaglig Senter – Velkommen til Møbelfaglig Senter (på norsk bokmål), henta 2. oktober 2019 

Bakgrunnsstoff endre