Sykkylven kommune
Sykkylven er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal med om lag 7600 innbyggjarar. Kommunesenteret er Aure. Kommunen grensar til Fjord og Stranda i aust og til Ørsta i sørvest. I nord ligg Storfjorden med Ålesund på andre sida. Om lag 3/4 av folket i kommunen bur langsmed den åtte kilometer lange Sykkylvsfjorden, ein sidefjord av Storfjorden. Kommunikasjonen på tvers av fjorden vart monaleg betre då Sykkylvsbrua vart opna i 2000 mellom krinsane Vik og Ikornnes.
Sykkylven kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Adm.senter | Sykkylven | ||
Areal | 337,80 km² | ||
• land | 328,84 km² | ||
• vatn | 8,96 km² | ||
Folketal | 7 617 (1. januar 2024) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Olav Harald Ulstein (Frp) (2023) | ||
Kommunenr. | 1528 | ||
Sykkylven kommune 62°22′32″N 6°38′39″E / 62.375555555556°N 6.6441666666667°E | |||
Kart som viser Sykkylven kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Sykkylven | |||
Nettstad: www.sykkylven.kommune.no |
Namnet «Sykkylven» er truleg eit gamalt fjordnamn. Sistelekken -ylven tyder truleg ‘lågt fuktig lende’, medan fyrstelekken anten kan kome av ‘sekk’ (jf. det faktum at det er tale om ein sekkefjord) eller av ‘stilleståande eller langsamt rennande vatn’, eventuelt ‘lita vik’ (jf. skrivemåten Síkiflir).
Historie
endreSykkylven var del av Ørskoug prestegjeld og tinglag, og Ørskoug kommune frå 1837. Sykkylven vart skild ut frå Ørskog som eigen kommune i 1883. Bygdene Ramstaddalen og Søvikdalen på sørsida av Storfjorden vart tilførte frå Ørskog i 1955.[1]
Arkeologiske funn under leiing av fylkesarkeolog i Møre og Romsdal, Bjørn Ringstad, viser at der har vore fast busetnad på tettstaden Aure sidan 800 år f. Kr.
Norsk møbelfaglig senter ligg i Sykkylven, og er eit dokumentasjonssenter og museum for møbelindustrien.
Næringsgrunnlag
endreHovudnæringa i Sykkylven er industri, med hovudvekt på møbelindustri. Dei mest kjende møbelfabrikkane er Ekornes, Scandinor ANS, Hjellegjerde, Brunstad og Formfin. I tillegg er der industrigreiner som produserer transformatorar, emballasjeprodukt, stålkomponentar, baderomsinnreiing, bygningsprofilar og utstyr til skip og oljeinstallasjonar. Der er òg fleire underleverandørar, sørvisbedrifter og design- og arkitektkontor.
Tettstader og bygder
endreSykkylven har tre tettstader:
- Sykkylven sentrum er sett saman av bygdene/gardane Aure, Ørsneset, Grebstad og Vik og er med vel 4000 innbyggjarar den 8. største tettstaden i Møre og Romsdal
- Ikornnes med 825 innbyggjarar
- Straumgjerdet (stundom skrive Straumgjerde) med 482 innbyggjarar
Av bygder og bygdelag kan desse nemnast:
Offentlege institusjonar
endreI Sykkylven prestegjeld har ein to sokn: Sykkylven og Ikornnes. Prestegjeldet høyrer til Austre Sunnmøre prosti i Møre bispedømme. Sykkylven kyrkje vart vigsla i 1990, etter at gamlekyrkja brann ned i 1983. Ikornnes kyrkje vart vigsla i 1978.
Sykkylven lensmannsdistrikt i Sunnmøre politidistrikt høyrer til Sunnmøre tingrett.
Sykkylven har ein vidaregåande skule, Sykkylven vidaregåande skule, med yrkesfaglege og studieførebuande studieprogram.
Friluftsliv og kultur
endreSykkylven er ei fin bygd for fjellturar. Der er mange høve til gåturar og til skiturar, til dømes på Fjellsætra der det er skianlegg for alpint (Sunnmørsalpane skiarena) og for langrenn. Dei høgaste tindane, som Råna på 1586 moh., eignar seg for fjellklatring.
I kulturlivet merkar Sykkylven seg ut med eit rikt musikkliv med sju korps, ti kor, storband og fleire band.
Sykkylvsbladet med redaksjonslokale på Aure var lokalavis for kommunen frå 1946[2] til og med 2020. Etter ei samanslåing med Sunnmøringen vart avisa erstatta av Nyss frå 2021.[3]
Folketalsutvikling
endreFolketalsutvikling for Sykkylven kommune frå 1883:
1.8.1883[4] | 1900[5] | 1.12.1920[6] | 1.12.1930[7] | 3.12.1946[7] | 1.1.1951[8] | 1.1.1961[8] | 1.1.1971[8] | 1.1.1981[8] | 1.1.1991[8] | 1.1.2001[8] | 1.1.2010[8] |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
2029a | 2420a | 2424a | 2426a | 3261a | 3816a | 4815 | 5643 | 6559 | 6887 | 7383 | 7589 |
aDette talet omfattar ikkje eit område som var del av Ørskog kommune fram til 1955, då det vart overført til Sykkylven kommune. Dette området hadde då 348 innbyggjarar.
Folk frå Sykkylven kommune
endre- Øystein Eliassen (1922-1997), lokalpolitikar
- Elisabeth Andreassen (f. 1958), songar
- Edvard Drabløs (1883–1976), skodespelar
- Karl Arne Utgård (f. 1951), høgsterettsdomar
- Jens Petter Ekornes, tidl. konsernsjef
- Jens E. Ekornes (1908–1976), møbelprodusent
- Ingmar Relling (1920–2002), møbeldesignar
- Otto Hjellegjerde (1917–1997), møbelprodusent
- Henrik Straumsheim (1893–1975), diktar
- Rolf Sagen, forfattar
- Jostein Fet, litteraturforskar og fagbokforfattar
- Martin Ystenes, professor
- Arnold Weiberg-Aurdal, fødd 1925, tidl. stortingsrepresentant, ordførar og forfattar.
- Nicolay Grevstad (1851–1940), norsk-amerikansk jurist, pressemann, politikar og diplomat.
- Karstein Oddmund Vik, (1919-2003), arkitekt og fiskeoppdretter.
- Hilde Louise Asbjørnsen (f. 1976), kabaretartist og musikar
- Rune Bergmann (f. 1976), dirigent
- Kenneth Ekornes (f. 1974), musikar
- Bernt Fauske, skipseigar
- Svein Andre Røe, Erling Zahl Urke og Jan Magnar Hatlemark som spelar i rocke orkesteret White Trash Blues Band
Kjelder
endre- ↑ Om samferdsel i Møre og Romsdal: Møre og Romsdal fylkesbåtar 1920-1995. [Molde]: Møre og Romsdal fylkesbåtar. 2000. ISBN 8279550208.
- ↑ Skrede, Lars Inge (11. juni 2020), «Sunnmørsposten kjøper Sykkylvsbladet», smp.no, henta 21. juni 2021
- ↑ Dale, Leif (8. januar 2021), «”Nyss” - ny lokalavis for Stranda – Sykkylven», Bygdebladet (på norsk), henta 21. juni 2021
- ↑ Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
- ↑ "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 Arkivert 2007-02-23 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 7,0 7,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 8,5 8,6 Folkemengd i Sykkylven 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
Bakgrunnsstoff
endre- Sykkylven kommune
- Sykkylven sogenemnd (med tilvisingar til lokalhistorisk litteratur)
- Ringstad, Bjørn. 2001. Aura-Pål sitt rike. Sykkylven: Sykkylven sogenemnd.
- Odd Karstein Fløtre. 2009. Jomsvikingslaget i oppklarende lys. Vikingtid i Sykkylven.
- Gjævenes, Martin. 1957. Utvandrarane frå Sykkylven. Sykkylven: Sykkylven sogenemnd. [1] Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine.
- Sykkylven: gardssoga. 1972–1983. 4 band. Sykkylven: Sykkylven sogenemnd.
- Høidal, Eldar. 1990. Industrisoge for Sykkylven. Sykkylven: Sykkylven industrilag.
- Sykkylven kommune
- Sykkylven Reiselivsforum
- Sykkylven kommune, sentrumsområdet - vevkamera Arkivert 2007-10-05 ved Wayback Machine.