Opna hovudmenyen

Møklandsfjorden er ein fjord på nordsida av Langøya i Bø i Vesterålen og Øksnes kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 3,5 km sørvestover til Møkland på vestsida av fjorden, medan Nærøya ligg på austsida.

Fjorden har innløp mellom Melkarneset i vest og Slettbakkan på Nærøya i aust. Nord for fjorden kjem Stavsundet ned frå nordvest og Vinjesundet frå nordaust, på kvar side av øya Øska. Fleire øyar og holmar ligg i nordenden av fjorden, som Bernforøya, Kariholmen, Slåtterøya og Nonøyan. Det er ingen busetnader langs fjorden før ein nærmar seg grenda Møkland på sørvestsida. Her møter Møklandsfjorden og Ryggefjorden kvarandre. Ryggefjorden går på austsida av Nærøya og held fram vidare sørover.