Møllebakken skole

Møllebakken skole er ein privat grunnskule i Bergen som vert driven med statstøtte og er eigd av Sjuandedags Adventistsamfunnet (SDA).

Møllebakken skole

HistorieEndra

Skulen vart etablert i 1951 under namnet «Adventkirken skole». Dei fyrste 20 åra vart den drive i ein leigegard i Sigurds gate i Bergen sentrum, før skulen vart flytta til kyrkjelyden sitt lokale på Kronstad i 1975, slik at den vart liggjande i tett tilknyting til kyrkjebygget til SDA. Midt på 1990-talet skifta skulen namn til «Adventkirkens grunnskole». Dette namnet vart ståande fram til 2008, då skulen skifta namn til Møllebakken skole, grunngjeve med at skulen ligg ovanfor Møllendal.

TilknytingEndra

SDA er eit kyrkjesamfunn med fokus på utdanning og helsearbeid over store delar av verda. SDA Norge driv 10 grunnskular og ein vidaregåande skule, i Moss, Oslo, Sandefjord, Mjøndalen, Hønefoss, Sauar, Stavanger, Bergen, Trondheim og Tromsø.

BakgrunnsstoffEndra