Müggelsee er den største av innsjøane i Berlin i Tyskland. Han har eit areal på 7,4 km² er 4,3 km lang og 2,6 km brei. Somme kallar han Großer Müggelsee fordi det òg finst ein mindre innsjø med namn Kleiner Müggelsee, som berre er 0,16 km². Müggelsee ligg i bydelen Treptow-Köpenick i Berlin. Forstadane Friedrichshagen, Rahnsdorf og Müggelheim grensar til innsjøen.

Müggelsee
innsjø
Land  Tyskland
Tilsig Spree
Utløp Spree
Lengd 4,3 km
Breidd 2,6 km
Areal 7,4 km²
Største djupn m
Koordinatar 52°26′N 13°39′E / 52.433°N 13.650°E / 52.433; 13.650
Kart
Müggelsee
52°26′00″N 13°39′00″E / 52.433333333333°N 13.65°E / 52.433333333333; 13.65
Wikimedia Commons: Müggelsee

Innsjøen er opp til 8 meter djup. Sør for innsjøen ligg det nokre åsar kalla Müggelberge, som er opp til 115 meter høge. Ved Kleiner Müggelberg vart det i 1889 bygde eit tårn kalla Müggelturm, som er ein populær turistattraksjon som gjev eit flott utsyn over innsjøen og skogen inn mot Berlin.

Elva Spree renn både inn og ut av Müggelsee. Vasselskapet Friedrichshagen på nordsida av innsjøen får det meste av vatnet sitt frå her. I tillegg er det fleire kjelder under overflata som filtrerer grunnvatn ut i innsjøen.

Opphavet til namnet er ukjend, men innsjøen vart først nemnd i 1394 som «den Tyns in der Miggel» og i 1487 «som von der Miggelseh». Sannsynlegvis har namnet opphav frå den urindoeuropeiske rota migh-, mighla som tyder «tåke» eller «sky».

Kjelde endre