Opna hovudmenyen

Mürz er ei elv i Austerrike. Ho har utspring nord for Schneealpe i Niederösterreich, renn inn i Steiermark og så ut i Mura ved Bruck an der Mur etter 98 km. Kjelda til elva sluttar ved Mürzzuschlag.

Mürz
elv
Mürz entre Mürzsteg&Neuberg 0076.JPG
Land Flag of Austria.svg Austerrike
Lengd 98 km
Middelvassføring 20,2 /s
Kjelde Niederösterreich
Munning Bruck an der Mur
Wikimedia Commons: Mürz

Namnet på elva kjem frå slavisk (Muorica) og tyder «Vetle Mura». Den S-forma Mürzdalen byrjar ved Frein an der Mürz. Middelvassføringa ved Kapfenberg, nokre kilometer før munningen, er 20,2 m³/s

Av landsbyar langs elva finn ein Mürzzuschlag og Kapfenberg. Jarnbanelinja Österreichische Südbahn og motorvegen Semmering (S6) går begge langs med elva.

KjelderEndra

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.