Māris Verpakovskis
Māris Verpakovskis (fødd 15. oktober 1979 i Liepāja i Latvia) er ein latvisk fotballspelar som har spela i angrep for aserbajdsjanske Bakuog for det latviske fotballandslaget.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 15. oktober 1979 | ||
Fødestad | Liepāja i Sovjetunionen | ||
Høgd | 173 cm | ||
Posisjon | Angrepsspelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Baku | ||
Nummer | 9 | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1995-2000 2000-03 2003- 2007 2007-08 2008 2009-11 2011- |
Liepājas Metalurgs Skonto Dynamo Kiev Getafe (lån) Hajduk Split (lån) Celta Vigo (lån) Ergotélis (lån) Baku |
13 (3) 62 (23) 77 (51) 47 (18) 13 (1) 18 (5) 8 (0) 46 (7) 4 (0) | |
Landslag | |||
1999- | Latvia | 86 (28) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 30. juni 2011 ‡ Landslagsmål oppdatert 30. juni 2011 |
Verpakovskis vart seriemeister i Latvia med Skonto i 2001 og 2002, og i Ukraina med Dynamo Kiev i 2004. Han forlet Latvia til fordel for Dynamo Kiev i 2003 og var i 2010 framleis under kontrakt med dei, men hadde då vore på utlån til klubbar i andre land i Europa frå 2007 av. Han vart kåra til årets latviske fotballspelar i 2003 og 2004.
Han debuterte for Latvia sitt A-landslag i 1999 og skåra det første landslagsmålet sitt i ein EM-kvalifiseringskamp mot Hellas 9. juni 1999. Han var med i Latvia sin tropp til fotball-EM i 2004, der han spelte alle Latvia sine tre kampar og skåra eitt mål, mot Tsjekkia.