MAVEN (Mars Atmosphere and Volatile EvolutioN) er ein NASA-banesonde som går i bane kring Mars. Ferda vart skoten opp 18. november 2013 13:28 i lokal tid frå Cape Canaveral Air Force Station.[1] Sonden gjekk inn i bane kring Mars 22. september 2014 (UTC).[2]

Teikning av MAVEN

MAVEN skal undersøkja den øvre atmosfæren og ionosfæren til Mars, og dessutan vekselverknaden mellom Mars og solvinden. Forskarar ynskjer å nytta MAVEN til å finna ut av korleis tapet av lettare gassar har påverka Mars gjennom soga til planeten. Gjennom denne kunnskapen ynskjer dei å spola tida attende og å kunna svara på kor eigna Mars har vore for liv tidlegare.

Kjelder endre