MB «Tafjord» (1927)

MB «Tafjord» er ein tidlegare norsk fjordbåt bygd i 1927, til bruk i Tafjord.[1] Motorbåten vart bygd på Einar Helland båtbyggjeri på Vestnes i Romsdal.[2]

Under Tafjord-ulukka 7. april 1934 blei båten løfta 60 meter opp på land.[1]

Oversikt over fartøyet endre

MB Tafjord er bygd som ein kutter med loddrett stamn og utoverhengende hekk. Skansekledingane rr tett, og dekket er lagt oppå det som normalt ville vore toppen av rekkestøttene omtrent frå midtskips og framover. Som rekke er det ei røyrrekke med septer som er skrudd fast i dekk. Akter er det vanleg topprekke, men her er det montert aluminiumssider oppå rekka. Heilt akter er det ope. Dekkshuset akterut er i aluminium, og er bygd saman med trestyrehuset. Inni styrehuset er det nedgang til maskinrommet. Framme på dekk er det nedgang til salongen. Aktafor nedgangen er det plass for ein skylight, men denne er fjerna. I salongen er det ribba for innreiing. Som rutebåt var det her langsgåande benk på den eine sida og lause klaffstolar elles. Ved visse høve kunne salongen nyttast til lasterom, og dette var truleg årsak til den enkle innreiinga. Utanom skylighten er det fire koauge som gir lys til salongen.

Referanseperiodar for vern endre

MB «Tafjord» har gått gjennom feire ombyggingar, men har ein ganske einsarta driftshistorie. Før 1950 verkar ombyggingshistorien noko uklar førebels. Etter denne tid ser det til å vere følgjande epokar som peikar seg ut:

  1. 1950-1973: Rute- og skyssbåt. Dagens styrehus, men galgedekk og open gang under. Billettkontor aktafor styrehuset og toalett på hekken.

Nedgangskappe omtrent midtskips på babord side. Flatt skylight i tre. Motor: 24 hk Union.

  1. 1973-1979 Rute- og skyssbåt. Utsjånad som i føregåande tidsperiode, men med Volvo Penta motor
  2. 1979-1984: Fritidsbåt. Ombygging i 1984-85 omfatta arrangementet aktafor styrehuset. Billettkontor, gang og toalett erstatta med salong bygd i aluminium. Ny nedgangskappe og skylight i aluminium.
  3. 1985-2002: Som føregåande periode, men i 2002 vart det sett inn ein nyare Volvo Penta.

Utgangspunkt for vern Som rute- og skyssbåst lik han såg ut då hang gjekk ut av drift i 1979

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Tafjord, norsk-fartoyvern
  2. Alfred Nilsen, «Ein båt med historisk verdi», storfjordnytt.no (4. april 2013)