Opna hovudmenyen

Vestnes

tettstad i Vestnes kommune

Vestnes er ein tettstad og administrasjonssenteret i Vestnes kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden ligg vest for munningen av Tresfjorden, på begge sidene av Vestnesstraumen som frå Tresfjorden fører inn til den tre kilometer lange og ein kilometer breie bukta Flatevågen. Vestnes er den største tettstaden i kommunen og har 2 368 innbyggjarar per 1. januar 2017.

Vestnes
Helland
tettstad
.. - panoramio (271).jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Vestnes
Areal km²
Folketal 2 368 (2017)
Folketettleik 1 184 / km²
Postnummer 6390 VESTNES
Innbyggjarnamn vestnesing
Preposisjon Vestnes
Wikimedia Commons: Vestnes (village)

Vestnes tettstad har atskilleg handels- og tenesteverksemd, i tillegg til industri. Her ligg mellom anna industribedrifta Aas mekaniske verksted. Båtbygging har stått særleg sterkt på Vestnes, og sør for tettstaden ligg det eit båtbyggarmuseum.

Delen av tettstaden som ligg sør for Vestnesbrua er kalla Helland. Her ligg mellom anna Helland skule og Helland barnehage. Avisa Vestnesavisa kjem ut ein dag i veka på Vestnes. Vestnes kyrkje i sentrum er ei langkyrkje i tre frå 1872 og er den tredje kyrkja som vart reist på staden. Den første var ei stavkyrkje som vart riven i 1680.

Vestnes tettstad har hurtigbåtsamband med Vikebukt, Sekken og Molde. Europaveg 39 går gjennom Vestnes, med bilferje til Molde frå Furneset rundt tre kilometer nord for tettstaden. Fram til 1986 gjekk ferja til Molde frå Vestnes sentrum, men ferjestaden har framleis namnet «Vestnes».[1] Europaveg 136 (DombåsÅndalsnesÅlesund) går i bru over Tresfjorden direkte sør for tettstaden.[2]

Bilete frå VestnesEndra

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. Veg og virke i Møre og Romsdal fylke. Juli 1985.
  2. «Vestnes – tettstedet». Store norske leksikon. 13. januar 2016. Henta 7. september 2016.