MP40, er ein av dei mest kjende tyske maskinpistolane frå andre verdskrigen. Han vart feilaktig kalla Schmeisser etter våpen-konstruktøren Hugo Schmeisser, sjølv om denne mannen faktisk ikkje direkte konstruerte MP40, men berre hjelpte til med varianten MP41. Ein annan grunn til at Schmeisser-namnet vart sitjande på dette våpenet, er at det tyske ordet schmeissen tyder å kaste noko upresist men med stor kraft, nokså høveleg for ein maskinpistol. Dessutan produserte Hugo Schmeisser magasina til MP40, og namnet vart stempla på desse, så det kan òg vere ein grunn. Hovudkonstruktøren til MP40 og forgjengaren MP38 heitte elles Heinrich Vollmer.

MP40 utstilt på Bunkermuseet i Skanderborg i Danmark

Over ein million slike maskinpistolar vart produserte i åra 1940-1945. Etter krigen vart Schmeisserar dei tyske okkupasjonsstyrkane hadde etterlate seg bruka av det norske forsvaret, og dei var i bruk av befal i det norske Heimevernet til dei vart avløyste av den moderne MP5 i 1990-åra.

Kjelder endre

  • I hovudsak dansk wikipedia, art. MP40.