Maarten Stekelenburg

nederlandsk fotballspelar

Maarten Stekelenburg (fødd 22. september 1982) er ein nederlandsk fotballspelar. Stekelenburg har spela som keeper for Roma i italiensk Serie A og det nederlandske landslaget. Han vart fødd i Haarlem i Noord-Holland.

Maarten Stekelenburg
Personleg informasjon
Fødd 22. september 1982
Fødestad Haarlem
Høgd 197 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Noverande lag
Roma
Nummer 24
Ungdomsklubbar
Nederland Zandvoort '75
Nederland VV Schoten
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2002-11
2011-
Nederland Ajax
Italia Roma
191 (0)
0 (0)
Landslag
2004- Nederland Nederland 40 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 21. mai 2011
‡ Landslagsmål oppdatert 10. juli 2010

Klubbkarriere endre

Stekelenburg begynte å spela fotball i amatørklubbane Zandvoort '75 og VV Schoten, før han gjekk til Ajax som 15-åring. Han debuterte for A-laget til Ajax 11. august 2002, men var i tida framover relativt ofte skada. I 2005/06-sesongen vart han Ajax sin førstekeeper.

I mars 2009 mista han plassen som førstekeeper på Ajax til Kenneth Vermeer, ut 2008/09-sesongen, men i 2009/10-sesongen var han igjen Ajax sin førstekeeper.

Faren hans er nederlandsk, men moren er russer.

Landslagskarriere endre

Stekelenburg debuterte for Nederland sitt landslag i ein 3-0-siger over Liechtenstein 3. september 2004. Under fotball-VM i 2006 og fotball-EM i 2008 var han andrekeeper, etter Edwin van der Sar. Han fekk éin kamp i EM i 2008. Då Van der Sar la opp på landslaget, vart Stekelenburg Nederland sin nye førstekeeper. I ein vennskapskamp mot Australia i september 2008 vart Stekelenburg den første nederlandske keeperen som har vorte utvist i ein landskamp, då han fekk raudt kort etter 44 minutt.