Opna hovudmenyen

Noord-Holland (vestfrisisk Noard-Holland) er ein provins i Nederland og ligg nordvest i landet. Administrasjonssenteret er Haarlem og andre store byar i provinsen er hovudstaden i landet, Amsterdam, Hilversum, Den Helder, Alkmaar, Zaandam og Hoorn.

Provincie Noord-Holland
Provinsen Nord-Holland
Flag of North Holland.svg Våpenet til Provincie Noord-Holland
Flagg Våpen
Plasseringa til Provincie Noord-Holland
Hovudstad Haarlem
Største by Amsterdam
Dronninga sin kommissær Arthur van Dijk (VVD)
Religion (1999) protestant 10%
romersk-katolsk 20%
jødisk 0,75%
Areal
 • Land
 • Vatn
 
2 670 km² (6.)
1 421 km²
Folketal (2006)
 • Totalt
 • Folketettleik

2 606 584 (2.)
976/km² (2.)
Hymne «Ik houd van het groen in je wei»
Offisiell nettstad www.noord-holland.nl

GeografiEndra

Noord-Holland dannar ei halvøy mellom Nordsjøen og IJsselmeer. Meir enn halvparten av provinsen består av polderar, som tidlegare var under sjø eller vatn, og ligg derfor under havnivå. Øya Texel er òg ein del av Noord-Holland.

HistorieEndra

Provinsen Noord-Holland vart oppretta i 1840, då provinsen Holland vart delt i ein nordleg og ein sørleg del (Zuid-Holland) I 1940 vart øyane Vlieland og Terschelling overført til provinsen Friesland. I 1950 vart den tidlegare øya Urk ein del av provinsen Overijssel. I perioden under Dei sameinte Nederlanda var provinsen Holland kjend som provinsen «Holland og West-Friesland». Våpenskjoldet til Noord-Holland syner framleis dette.

KommunarEndra

West-FrieslandEndra

West-Friesland er ein region som er ein del av Noord-Holland, og ikkje ein del av provinsen Friesland.

Regionen består av kommunane:

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra