Maastricht-traktaten
Maastricht-traktaten eller Traktat om Den europeiske unionen vart underskriven i byen Maastricht i Nederland 7. februar 1992 av representantar for dei landa som var med i Den europeiske fellesskapen (EF). Trakten vart sett i verk 1. november 1993, og med dette var Den europeiske unionen (EU) skipa. Som fylgje av denne traktaten fekk EU mellom anna ein eigen ombodsmann.


Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |