MacDonald Peak
MacDonald Peak er ein fjelltopp, 1940 moh, halvvegs mellom Shockey Peak og Mount Crawford nær nordenden av hovudryggen av Sentinel Range. Det vart oppdaga av Lincoln Ellsworth på den transantarktiske flyturen hans den 23. november 1935. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) (1961) etter William R. MacDonald av Branch of Special Maps i US Geological Survey (USGS) som førebudde kartet frå 1962 over denne fjellkjeda. MacDonald deltok sidan i fleire ekspedisjonar til Antarktis.
MacDonald Peak | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Sentinel Range | ||
Topp | Ellsworth Land | ||
• høgd | 1 940 moh. | ||
- koordinatar | 77°40′S 86°40′W / 77.667°S 86.667°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
MacDonald Peak 77°40′00″S 86°40′00″W / 77.6667°S 86.6667°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «MacDonald Peak» (innhald frå Geographic Names Information System).