Mac. Robertson Land

(Omdirigert frå Mac Robertson Land)

Mac. Robertson Land er ein del av Antarktis som ligg sør for kysten mellom William Scoresby Bay og Cape Darnley. Mac. Robertson Land ligg ved 70°00′S 65°00′E / 70.000°S 65.000°E / -70.000; 65.000. I austlege område av Mac. Robertson Land ligg Prince Charles Mountains. Mac. Robertson Land vart namngjeven av British Australian and New Zealand Antarctic Research Expedition (BANZARE) (1929-1931), under Sir Douglas Mawson, og kalla opp etter Sir Macpherson Robertson frå Melbourne, ein av støttespelarane til ekspedisjonen.[1]

Frå 1965 og frametter gjorde medlemmar av SAE (Sovjetiske antarktiskekspedisjonar) geologiske feltarbeid i Prince Charles Mountains, og grunnla etter kvart ein base, Soyuz-stasjonen, på austkysten av Beaver Lake nord i Prince Charles Mountains.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre