Mackinacbrua (engelsk Mackinac Bridge, uttala [ˈmækɪˌnɔː]) er ei hengebru i Michigan i USA. Ho går over Mackinacsundet (engelsk Straits of Mackinac) mellom Michigansjøen og Huronsjøen, og knyter saman dei to halvøyane i Michigan – Lower Peninsula (LP) og Upper Peninsula (UP). Ho går frå Mackinaw City (LP) til St. Ignace (UP). Brua vert ofte kalla «Mighty Mac» eller «Big Mac».

Mackinacbrua

Typehengebru, vegbru, bru med avgift
StadSt. Ignace
Opna1. november 1957
StrekningInterstate 75 i Michigan
Lengd8 038 meter
Høgd168 meter
Største spenn1 158 meter
KryssarMackinacstredet
Materialestål
Kart
Mackinacbrua
45°48′58″N 84°43′37″W / 45.816°N 84.727°W / 45.816; -84.727
Mackinacbrua sett frå Mackinaw City.

Planane om å byggje ei bru over sundet kom allereie på 1880-talet, men Mackinacbrua stod ikkje ferdig før i 1957. Ho var då ei av dei lengste hengebruene i verda, og er på heile 2626 meter.

Sjefsingeniør for konstruksjonen var David B. Steinman, og selskapet American Bridge Company stod bak. Fem arbeidarar døydde da ein bygde brua.

Bakgrunnsstoff

endre