Michigan er ein delstat i regionane Great Lakes og Midtvesten i Sambandsstatane (USA). Delstaten grensar mot Canada i nord og aust og omfattar halvøya mellom Lake Superior og Michigansjøen og halvøya mellom Michigansjøen, Huronsjøen og Eriesjøen.

Michigan
delstat
Flagg
Våpen
Land  USA
Del av Midtvesten, det kontinentale USA
Hovudstad Lansing
Areal 250 493 km²
 - land 147 121 km²
 - vatn 103 372 km²
Folketal 9 962 311  (2017)
Folketettleik 68 / km²
Guvernør Gretchen Whitmer
Før innlemming Territoriet Michigan
Innlemma i USA 26. januar 1837
Statsnummer 26.
Forkorting MI
Kart
Michigan
44°20′ N 85°35′ W
Wikimedia Commons: Michigan
Nettstad: michigan.gov

Namnet Michigan har opphav i Ojibwe-ordet mishigamaa, som tyder «stort vatn» eller «stor innsjø». Staten har eit folketal på i underkant av ti millionar, og er den tiande mest folkerike av dei 50 delstatane i USA. Han er den største delstaten i areal aust for Mississippielva. Hovudstaden i Michigan er Lansing, medan den største byen er Detroit.[1]

Kjelder endre

  1. «Michigan». Store norske leksikon. 11. september 2018. Henta 21. februar 2020. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Michigan
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.