Maduresisk er språket til maduresarane på øya Madura og aust på øya Java i Indonesia; språket vert også tala på dei små øygruppene Kangean-øyane og Sapudi-øyane, så vel som av migrantar til andre delar av Indonesia. Desse omfattar Pasuruan, Surabaja, Malang til Banyuwangi, Masalembu-øyane, til og med av nokre på Kalimantan. Kangean-språket kan vere eit eige språk, men kan og klassifiserast som ein dialekt av maduresisk. Maduresisk er eit austronesisk språk.

Maduresisk
Madhura, Basa Mathura
Klassifisering Austronesisk
 Malayo-polynesisk
  Sunda-sulawesisk
   Maduresisk
Bruk
Maduresisktalande i alt 15 millionar
Skriftsystem Latinsk, javanesisk
Språkkodar
ISO 639-2 mad
ISO 639-3 mad
Eit maduresisk manuskript skrive med javanesisk skrift, Raden Segara frå 1890.
Grovinndeling av dei ulike språka på Java og Madura, medrekna maduresisk.

Tradisjonelt har maduresisk vore skrive med javanesiske språkteikn, men i dag er det vanlegast å bruke det latinske alfabetet. Talemålet vert brukt av kringom 12-14 millionar menneske. Talet på brukarar er svakt minkande.

Kjelder

endre