RPM (ISSN 0315-5994 og seinare ISSN 0033-7064) var eit kanadisk musikktidsskrift med hitlister over singel og album i Canada. Tidsskriftet vart starta av Walt Grealis i februar 1964, og fekk økonomisk støtte av plateselskap-eigaren Stan Klees. RPM gjekk inn i november 2000.[1]

RPM
TypeUkeblad
Grunnlagdfebruar 1964
Nedlagdnovember 2000
Redaktør(ar)Walt Grealis
SpråkEngelsk
ISSN0315-5994
Nettstadhttp://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/index-e.html

RPM var ei forkorting for «Records, Promotion, Music» (plateinnspelingar, promotering, musikk). Magasinet kom med ulike titlar medan det eksisterte, mellom andre RPM Weekly og RPM Magazine. RPM publiserte hitlister for ulike format og sjangrar: singlar, moderne vaksenpop, dance, urban, kanadisk rock og countrymusikk. 21. mars 1966 utvida RPM singlelista si frå topp 40 til topp 100. Dette vart igjen redusert til topp 50-liste 6. desember 1980, fram til ho vart omgjort til ei topp 100-liste igjen 4. august 1984.

Dei første vekene magasinet eksisterte, trykte ikkje RPM nokon riksdekkande hitliste for Canada, men publiserte i staden aktuelle sendetid-lister for dei største radiokanalane i landet. Ei nasjonal hitliste for singlar vart først lansert 22. juni 1964, og den første songen til å toppa lista, var «Chapel of Lóve» med The Dixie Cups.[2] Før RPM etablerte den nasjonale hitlista si, vart CHUM Chart frå Toronto-radiokanalen CHUM rekna som den nasjonale hitlista i landet.[3][4] RPMs siste nummer 1-singel var «Music» med Madonna.[5]

I dag er Canadian Hot 100 den leiande hitlista for singlar i Canada. Lista vert publisert kvar tysdag av magasinet Billboard og vart lansert 31. mars 2007.

KjelderEndra

  1. «RPM Magazine: Browse Issues | 33 & 45 Records & Art» (engelsk). Henta 2. mai 2019. 
  2. Walt Grealis (22. juni 1964). «Top Forty» (PDF). RPM. 1 (18): 4. 
  3. Quill, Greg (26. mai 2007). «Happy 50th birthday old CHUM». Toronto Star. Arkivert frå originalen 29. september 2007. 
  4. «Rock image fades as CHUM goes upmarket». Toronto Star. 6. juni 1986. 
  5. «RPM Magazine « Today In Madonna History» (engelsk). Henta 2. mai 2019. 

BakgrunnsstoffEndra