Toronto
Toronto er den største byen i Canada og og hovudstad i provinsen Ontario. Byen har i eit folketal på kring 5 600 000, etter eit overslag gjort i 2004 2 500 000 av desse bur i sjølve bykjerna, resten i forstadane. Toronto er med dette den femte største byen i Nord-Amerika. Samstundes er han eitt av dei viktigaste sentera for finans og handel i Canada og Nord-Amerika. Byen er heimstad for meir enn 80 etniske grupper og meir enn 100 forskjellige språk. Slik er Toronto ein av dei mest fleirkulturelle byane i verda.
Toronto | |||||
---|---|---|---|---|---|
![]() | |||||
| |||||
Kallenamn «T.O., T-Dot, Hogtown, The Big Smoke, The Queen City, Toronto the Good, The City Within a Park» | |||||
Motto «Diversity Our Strength (Mangfald, vår styrke)» | |||||
Styresmakter | |||||
Land Provins |
Canada Ontario | ||||
Grunnlagd | 27. august 1793 | ||||
Borgarmeister | John Tory | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd | 630,21 km² | ||||
Flatevidd - By |
630 km² | ||||
Innbyggjarar - By (2006) - folketettleik |
2,503,281 3972/km² | ||||
Koordinatar | Koordinatar: | ||||
Høgd over havet | 76 m | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
EST (UTC-5) EDT (UTC-4) | ||||
Diverse anna | |||||
Postnummer | M | ||||
Telefon-retningsnummer | 416 og 647 | ||||
Heimeside: https://www.toronto.ca/ | |||||
Nettstad: www.toronto.ca |
Fram til 1970-talet var Toronto den nest største byen i Canada, etter Montreal. Den økonomiske veksten til byen vart styrkt då St. Lawrence-kanalen stod ferdig i 1959, Kanalen gjorde det mogleg for større skip å ta seg inn til Dei store sjøane. Delar av Torontos vekst er vorte tilskrive Parti Québécois (PQ) si maktovertaking i provinsen Quebec og provinshovudstaden Montreal i 1976. PQ innførte mange lovar som gav fransk føremoner i høve til engelsk. Mange engelskspråklege montrealarar flytta til det meir engelskvenlege Toronto.
CN Tower er eit 553 meter høgt radio og fjernsynstårn, og er eit vidgjete landemerke i Toronto.
Hovudflyplass for byen er Toronto Pearson internasjonale lufthamn. Flyplassen ligg i Mississauga rett utanfor bygrensene i vest, og ein av dei flyplassane i verda med mest trafikk.