Magdalenefjorden
(Omdirigert frå Magdalenafjorden)
Magdalenefjorden er ein fjord på nordvestkysten av Spitsbergen på Svalbard, mellom Hoel-halvøya og Reusch-halvøya. Han er om lag 9 km lang og var ei viktig hamn i kvalfangst-tida. Fjorden er omgjeven av fjell på mellom 600 og 800 meter. Det er mange brear mellom fjelltoppane, men berre fire som går ned til fjorden, Adamsbeen, Gullybreen og Brokebreen på sørsida og inst fyller brefronten på Waggonwaybreen heile fjorden. På Gravneset er det fleire graver frå sjøslag i kvalfangst-tida, og ein plakett med teksten «Svalbardfarere 1600-1750. Reist av Den norske Stat 1930». Fjorden er mykje vitja av turistskip.
Magdalenefjorden | |||
fjord | |||
Magdalenefjorden
Foto: Svein-Magne Tunli | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Magdalenefjorden 79°33′54″N 10°52′30″E / 79.565°N 10.875°E | |||
Wikimedia Commons: Magdalenefjorden |
Fjorden har fått namnet sitt frå Bibelen.
Kjelder
endre- Den norske los, vol. 7, 2 utg. (Stavanger: Norges sjøkartverk og Norsk polarinstitutt, 1990).