Maginotlina var ei festningsline som den dåverande franske krigsministeren André Maginot fekk vedteke å byggje i 1929 langs den fransk-tyske grensa mellom Sveits og Belgia. Tanken var å nytte Maginotlina som eit vern mot eventuelle tyske åtak. Festningslina var veikast i dei områda der det fanst naturlege hindringar. Lina var såleis veikast ved Rhinen og i Vosges, der dei sterkaste festningspunkta var Neu-Brisach og Strasbourg, medan ho var sterkast mellom Rhinen og den belgiske grensa, med festningane Metz og Thionville i ryggen. Lina vart forlenga eit stykkje nordover langs den belgisk-tyske grensa etter semje med Belgia i 1933.

Kart over Maginotlina

Då Maginotlina endeleg stod ferdig i 1936, rekna Frankrike ho for å vere umogleg å ta for ein fiende. Men under felttoget i 1940 vart Maginotlina i røynda ikkje sett på nokon prøve: Nazi-Tyskland invaderte Benelux-landa, braut inn i Frankrike via Sedan og gjekk gjennom Maginotlina etter at den franske motstanden var broten.

KjelderEndra

  • Hunnes, E. (1957). Maginotlina. I Norsk allkunnebok. VIII. bandet (s. 373). Oslo: Fonna Forlag.
      Denne historieartikkelen som har med Frankrike å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.