Magkeilfjorden

fjord i Gamvik i Finnmark

Magkeilfjorden (nordsamisk Mahkilvuotna) er ein fjord på nordsida av Nordkinnhalvøya i Gamvik kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 6 km sørvestover til Kobbvågen i botn av fjorden og ligg like aust for Kinnarodden, det nordlegaste punktet i Noreg og Europa på fastlandet.

Magkeilfjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Gamvik
Kart
Magkeilfjorden
71°04′15″N 27°44′33″E / 71.07093806°N 27.74253806°E / 71.07093806; 27.74253806

Fjorden har innløp mellom Magkeilspiret i nord og Smørbringen i sør. Sydvestneset stikk ut i fjorden frå botn og deler den inste delen i to. På nordsida ligg Vesterbotn og på sørsida Kobbvågen.

Det er ingen busetnader ved fjorden.

71°4′15.377″N 27°44′33.137″E / 71.07093806°N 27.74253806°E / 71.07093806; 27.74253806