Magro
Magro er ei elv i Spania og ei av sideelvane til Júcar. Ho er 130 km lang og har eit nedslagsfelt på 1543,7 km². Elva renn berre innanfor provinsen Valencia og renn gjennom byane Utiel, Requena, Real de Montroy, Montroy, Llombay, Alfarp, Carlet og Algemesí. Elva har låg og ujamn vassføring, i snitt berre 0,91 m³/s.
Magro | |||
elv | |||
Foratadammen i Magro
| |||
Land | Spania | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 1 543,7 km² | ||
Lengd | 130 km | ||
Areal | 1 543,7 km² | ||
Middelvassføring | 0,91 m³/s | ||
Kjelde | Nord for Utiel | ||
• høgd | 1 100 moh. | ||
Munning | Júcar | ||
Magro 39°11′16″N 0°25′25″W / 39.187761°N 0.423703°W | |||
Wikimedia Commons: Magro River |
Elva spring ut nord for Utiel, om lag 1100 meter over havet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Magro» frå Wikipedia på spansk, den 2. mai 2009.