Mahon
Mahon (irsk an Mhachan) er ei elv som renn frå Comeraghfjella i County Waterford i Republikken Irland.
Mahon | |||
elv | |||
Land | Irland | ||
---|---|---|---|
Mahon 52°08′19″N 7°21′41″W / 52.138611111111°N 7.3613888888889°W | |||
Wikimedia Commons: Mahon River |
Ho fell ned det 18 meter høge fossefallet Mahon Falls og forbi Fairy Bush og gjennom landsbyen Mahon Bridge. Ho munnar ut i Det keltiske havet ved Bunmahon (som tyder «botn av Mahon») på sørkysten av Irland.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «River Mahon» frå Wikipedia på engelsk, den 23. oktober 2007.