Maishofen

Maishofen er ein kommune i distriktet Zell am See i forbundslandet Salzburg i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 29,5 km² og i kring 3 600 ibuarar. Busetnaden fordelar seg på tre landsbyar, Maishofen, Atzing og Mitterhofen. Landsbyen Maishofen ligg på ei slette, 768 meter over havet, mellom skogkledde åsar.

Maishofen

Vintersport med overnattingar er hovudnæring i kommunen, som ligg gunstig til med kort avstand til dei kjende turistmåla Zell am See, Saalbach-Hinterglemm og Kaprun.

KjelderEndra