Forbundslandet Salzburg
![]() | |||||
Hovudstad | Salzburg | ||||
Flatevidd
- Rangering i Austerrike |
7 154 km² 6. | ||||
Folketal (2003) - Rangering i Austerrike |
521 238 7. | ||||
Grunnlagd | |||||
Offisielle språk | Tysk | ||||
Landeshauptmann | Gabi Burgstaller (SPÖ) | ||||
Nettstad | www.salzburg.gv.at | ||||
| |||||
Salzburg er eit forbundsland (Bundesland) i Austerrike. Hovudstaden er Salzburg, arealet er 7 154 km² og folketalet 521 238 (2003).
Geografi Endra
Salzburg ligg vest i Austerrike, og har grense til Tyskland i nord og Italia i sør. I aust ligg dei austerrikske forbundslanda Oberösterreich, Steiermark og Kärnten, i vest forbundslandet Tirol. Den viktigaste elva i delstaten er Salzach, som munnar ut i elva Inn. I sør er fjella Sentralalpane (Hohe Tauern), fleire av toppane er på over tre tusen meter, i aust og nord Dachstein-massivet og Berchtesgaden-Alpane.
Historie Endra
Busetnad i Salzburgs går attende til forhistorisk tid. Det eldste namnet på byen, Iuvavum, går attende til keltisk busetnad. Byen var ein del av romarriket, og han vart i 690 eit bispedømme, og i 798 erkebispedømme.
Salzburg var frå mellomalderen av eit geistleg fyrstedømme, med erkebiskopen av Salzburg som herskar. Ved Wienerkongressen etter Napoleonskrigane, i 1816, vart det del av det austerrikske keisarriket.
Forvaltning Endra
Delstaten Salzburg er delt inn i fem ulike distrikt (Bezirke) og ein hovudstad (Statutarstadt), Salzburg:
Distrikt i Salzburg Endra
- Salzburg-Stadt (Landeshauptstadt)
- Salzburg-Umgebung (Flachgau)
- Hallein (Tennengau)
- St. Johann im Pongau (Pongau)
- Zell am See (Pinzgau)
- Tamsweg (Lungau)