Makrakómi
Makrakómi Lokalt namn Μακρακώμη | |
---|---|
Det sentrale torget i Makrakómi | |
Geografi | |
Stad | Sentral-Hellas |
Koordinatar | 38°56′N 22°07′E / 38.933°N 22.117°E |
Areal | 834,7 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Sentral-Hellas Fthiótida |
Hovudsete | Sperkhiáda (2 470 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 13 500 (2021[1]) |
Folketettleik | 16,2 /km² |
Makrakómi (gresk Μακρακώμη) er ein kommune i periferieininga Fthiótida i periferien Sentral-Hellas i Hellas. Makrakómi ligg vest for Lamía og grensar i sør mot periferieininga Fokída, i vest mot Evrytanía, i sørvest mot Etoloakarnanía i Vest-Hellas og i nord mot Kardítsa i Thessalía.
Administrativ inndeling
endreKommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane
- Ájos Jeórjos Tymfristoú
- Makrakómi
- Sperkhiáda
- Tymfristós
Dei fire tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 13 500 innbyggjarar, medan kommunaleininga Makrakómi hadde 4 720 og tettstaden med same namn 1 768 innbyggjarar.[1]
Byar og tettstader
endreDei største byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Kommunaleining | Folketal 2011[3] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|---|
Sperkhiáda | Sperkhiáda | 2 691 | 2 470 |
Makrakómi | Makrakómi | 2 245 | 1 768 |
Ájos Jeórjos | Ájos Jeórjos | 420 | 576 |
Jannitsoú | Makrakómi | 363 | 413 |
Tymfristós | Tymfristós | 434 | 385 |
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2021
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023 - ↑ Folketeljing 2011, revidert