Makramé eller makrame er ein handarbeidsteknikk der ein knytar tau eller trådar saman i ulike mønster. Dette kan gje ulike bruks- og pyntegjenstandar, som vennskapsband, belte, vesker og pottehaldarar. Makramearbeid kan minna om blonder eller nupereller, men er ofte grovare.

Makramearbeid.

Ordet makrame kjem av tyrkisk maqrama, 'handklede', og arabisk miqramah, 'slør'.[1]

Ein lagar mønster innan makrame ved hjelp av ulik tjukkleik og/eller farge på snorene og ulike knyteteknikkar. Dei vanlegaste knutane ein bruker er båtsmannsknop, kjerringknop og variasjonar med halvstikk. Ein går ut frå at teknikkane blei utvikla av arabiske handverkarar kring 1300-talet, og sidan spreidd via sjøfarande folk. Teknikken fekk ny merksemd på 1960-talet.[2]

I seglskutetida brukte ein makramearbeid til forsterkingar og foringer på tauverk og anna der ein trengde ein mindre glatt eller hard overflate. Andre teknikkar kunne brukast til matter (plattingar). Knop og knutar var noko ein måtte kunna, medan kunnskap om flettingar og vevliknande teknikkar ikkje var like utbreidd.

I dag er makrame ein av mange handarbeidshobbyar der dei fleste ting ein lagar er mest til pynt.

Galleri endre

Kjelder endre

  1. «makrame» i Nynorskordboka.
  2. «makramé». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 13. juli 2020.