Opna hovudmenyen
A Golden Thread (1885) av John Melhuish Strudwick.

Tråd (av norrønt þráðr) er ei særs tynn snor som kan vera laga av tvinna fibrar[1] eller filament.[2] «Tråd» viste opphavleg til garn laga av fleire enkeltgarn som var tvunne saman.[3] Tråd kan også visa til andre tynne snoraktige ting, som ståltråd, gjerdetråd, tanntråd eller telefontråd.[1]

I mytologien finst ideen om livstrådar, trådar som skjebnegudinner eller norner spinn og som skildrar eit livsløp. Trådar er også kjende som hjelpemiddel som kan leia ein person gjennom ein labyrint[4] eller vanskar, såkalla ariadnetrådar etter den greske soga om Ariadne.[5]

I overført tyding kan ein snakka om ein (raud) tråd der noko går att i ei framstilling, om å miste tråden for det å koma ut av samanhengen eller gå i surr) om å samla trådane i ei hand for det å ha kontroll på alle felt i til dømes ei verksemd, eller å trekkja i trådane for det å styra noko (gjerne i det skjulte) som ein marionett. Om noko heng i ein tynn tråd kan det berre så vidt bergast. Å slå på tråden kan brukast om det å ringja nokon med telefon, medan «knute på tråden» kan visa til ei misforståing eller eit uvenskap. Å vera utan ein tråd er ein metafor for det å vera naken, medan å vera lett på tråden kan visa til at ein er erotisk lauslynt.[1]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 «tråd» i Nynorskordboka.
  2. Tråd. (15. februar 2009). I Store norske leksikon.
  3. Køpke, Vibeke. Garn: spunnede fibrer (14. februar 2009). I Store norske leksikon.
  4. «thread, n.», Oxford English Dictionary 
  5. «ariadnetråd» i Store norske leksikon, snl.no.