Makrometeorologi er studiet av dei storstilte fenomena i atmosfæren, som til dømes det globale sirkulasjonsmønster og dei herskande vêrtypane. Makrometeorologi omfattar òg studiet av ekstratropiske lågtrykk, høgtrykk, frontarar og liknande. Det vert i den samanhengen gjerne snakka om synoptisk skala. Storleiksordenen for meteorologiske makrofenomen kan vere rekna som 100–10 000 km. Dei kan vara i nokre dagar til fleire veker.

Kjelder

endre

«makrometeorologi» i Store norske leksikon, snl.no.. Fri artikkel.