Maktoum bin Rashid Al Maktoum

emiratarabisk politikar (1943–2006)

Sjeik Maktoum bin Rashid Al Maktoum (19434. januar 2006) var ein visepresident og statsminister Dei sameinte arabiske emirata, i tillegg til å vere emiren av Dubai.

Maktoum bin Rashid Al Maktoum

Fødd15. august 1943
Al Shindagha
Død4. januar 2006 (62 år)
Statsborgar avTraktatstatene, Dei sameinte arabiske emirata
Yrkepolitikar
VervPresident i Dei sameinte arabiske emirata (fungerande) 2004-2004
FøregangarZayed bin Sultan Al Nahayan
EtterfylgjarKhalifa bin Zayed Al Nahayan
VervStatsminister i Dei sameinte arabiske emirata 1971-1979
EtterfylgjarRashid bin Said Al Maktoum
VervStatsminister i Dei sameinte arabiske emirata 1990-2006
FøregangarRashid bin Said Al Maktoum
EtterfylgjarMohammed bin Rashid Al Maktoum
Alle verv
  • President of the United Arab Emirates (2004–2004)
  • De forente arabiske emiraters statsminister (1990–2006)
  • Ruler of Dubai (1990–2006) Sjå dette på Wikidata

Maktoum var fødd i Dubai. Han vart statsminister for fyrste gong frå 9. desember 1971 til 25. april 1979, då han vart bytta ut med far sin, sjeik Rashid bin Saeed Al Maktoum. Då faren døydde 7. oktober 1990 vart han nok ein gong statsminister, og tok òg over rolla som overhovud i Dubai. Han beheldt begge desse stillingane fram til han døydde 4. januar 2006.

Maktoum var òg fungerande president i Dei sameinte arabiske emirata i ein veldig kort periode, frå 2. til 3. november 2004, dvs. i perioden etter sjeik Zayed bin Sultan Al Nahayan sin død og sjeik Khalifa bin Zayed Al Nahayan vart utnemnd til president, 4. november 2004.

Maktoum døydde morgonen 4. januar 2006 av eit hjarteinfarkt medan han var på besøk i Australia. Bror hans, sjeik Mohammed bin Rashid Al Maktoum, tok over som overhovud i Dubai.