Malaja Koksjaga
Malaja Koksjaga (russisk Малая Кокша́га, marisk Изи Какшан – Izi Kakšan) er ei elv i Mari El i Russland og ei av sideelvane til Volga frå venstre. Elva er 194 km lang og har eit nedslagsfelt på 5 160 km².
Malaja Koksjaga | |||
elv | |||
Malaja Koksjaga i Josjkar-Ola
| |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 5 160 km² | ||
Lengd | 194 km | ||
Munning | Volga | ||
Malaja Koksjaga 57°04′20″N 48°19′50″E / 57.072222222222°N 48.330555555556°E | |||
Wikimedia Commons: Malaya Kokshaga River |
Elva spring ut frå dei nordlege områda av republikken og renn gjennom provinshovudstaden Josjkar-Ola. Ho munnar ut i Volga via Kujbysjev-reservoaret ved Koksjajsk. Malaja Koksjaga får mesteparten av vassføringa si frå snøsmelting. Elva er isdekt frå november til april. Elveløpet er buktande med mange meanderar og kroksjøar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Malaja Koksjaga» frå Wikipedia på bokmål, den 30. oktober 2008.