Opna hovudmenyen

Malala Yousafzai (fødd 12. juli 1997) er ein pakistansk bloggar og aktivist. Ho var 11 år gamal då ho byrja skriva under pseudonym for BBC Urdu om livet i heimstaden Mingora i Swat-distriktet under Taliban-styre. I oktober 2012 vart ho skoten i hovudet av ein talibanar for at ho hadde kjempa for rettane til jenter å studera. Skytinga vekte stor interasjonal merksemd, og Malala vart flogen til Storbritannia for å få handsama skadane. Ho vart skriven ut av sjukehuset i januar 2013.

Malala Yousafzai
Malala Yousafzai at Girl Summit 2014.jpg
Fødd 12. juli 1997
Mingora
Yrke bloggar, menneskerettsaktivist, selvbiograf, skribent
Malala Yousafzai på Commons

I 2014 fekk ho Nobels fredspris saman med Kailash Satyarthi.[1]

KjelderEndra

  1. «The Nobel Peace Prize for 2014», nobelprize.org, 10. oktober 2014. Vitja 10. oktober 2014.