Maldiskusjon:Kjelder manglar

Siste kommentar: for 14 år sidan av Knut i emnet Banner

Namn på malen endre

Hadde det ikkje vore betre å bruka namnet "Kjelder mangler"? -- Ranveig 11:07, 4 august 2006 (UTC)

Kanskje, eg tok no berre noko som var kort å hugse og skrive. --Anders 10:07, 5 august 2006 (UTC)
No kan ein skriva begge deler. Men eg syntest me burde ha eit namn som var litt meir logisk! --Ranveig 22:46, 7 juni 2007 (CEST)

Er denne malen alltid nødvendig? endre

Eg er skeptisk til måten denne malen no blir brukt. Det er sjølvsagt bra og viktig med kjeldehenvisningar, men eg synes ikkje denne malen passar inn med mindre det vert hevda noko som er kontroversielt i artikkelen, og det ikkje blir oppgitt kjelder for det. Det er slik eg har inntrykk av at han blir brukt på engelsk wikipedia. Når ein berre stappar han inn overalt der det ikkje er spesifikke kjeldehenvisningar blir det overdrive, synes eg, og det gjer berre artikkelen rotete og skapar eit grunnlaust inntrykk av at artikkelen ikkje eigentleg er til å stola på. Sjå til dømes på kroatisk språk. Kva skal ein egentlig oppgi som kjelder for det som står der no? Eg meiner malen her berre rotar til artikkelen. --Barend 12:13, 5 august 2006 (UTC)

Sjå òg Kategoridiskusjon:Artiklar som manglar kjelder. Eg er einig -- det er som regel betre å ta opp einskildspunkt som ein meiner manglar kjelder (mal:kjelde manglar, diskusjonssida), enn berre å seia at me må finna kjelder til ein artikkel som allereie er skriven. -- Ranveig 12:25, 5 august 2006 (UTC)
som nemnd på samfunnshuset, den malen passar best for artiklar der det er ein konkret påstand ein lurar på, gjerne i artiklar som elles nyttar referansar. Dette er for artiklar (kanskje ikkje spirer) som manglar kjelder i det heile. Anders 22:55, 28 mai 2007 (CEST)
Vi diskuterte malen litt i går på Kategoridiskusjon:Artiklar som manglar kjelder der det vart gjeve uttrykk for det same. Likevell, no er det jo ein gong slik, at eige arbeid skal ungås (No original work) og slik eg har forstått det skal alt kunna dokumenterast. Kvifor skal det vere umogleg for oss, når engelsk wiki klarar å finne stoff om kroatisk språk? Det finnest godt materiale på norsk også, om dei fleste emner, Og ein mal kan alltids endrast, om han vert for plagsam... --Anders 12:41, 5 august 2006 (UTC)

Eg trur me byrjer å bli einige om at det finst mange tilfelle der denne malen trengst, men eg trur det ville vore betre å setja han nedst i ein artikkel. Det ser forferdeleg klønete ut med slike boksar før sjølve teksten, og dei har jo ein tendens til å bli verande. --Ranveig 22:48, 7 juni 2007 (CEST)

Når eg ser på datoene i denne debatten vert eg forvirra, men det betyr lite - eg er fullt ut samd i det Ranveig skriv i dag. Kjeldene vil stå nedst på sida, den dagen dei kjem på plass, og der bør òg etterlysninga etter kjeldene stå. Kanskje side om side med etterlysingsboksen, tilogmed, dersom berre nokre av kjeldene er på plass. -- Knut 23:00, 7 juni 2007 (CEST)
Einig. --Tannkrem 23:02, 7 juni 2007 (CEST)

Sitat som verkar tvilsame endre

I merket som malen produserer står det med liten skrift: «Sitat som verkar tvilsame risikerer å verte fjerna om nokon finn det naudsynt.» Eg synest den setninga verkar tvilsam. Vil det ikkje vere betre med ein hyggeleg og pedagogisk forklaring på kvifor kjelder er viktig for dei som brukar wikipedia som oppslagsverk? Hyggelege pedagogar er utfordra - om dei ikkje finst, går oppmodinga vidare til «nokon». --Knut 22:30, 28 mai 2007 (CEST)

Denne malen er basert på en:Unreferenced, slik den stod/står på samfunnshuset med ynskje om kommentarar.Det var meinininga at "Hjelp Wikipedia med å finne truverdige kjelder" skulle svare til "Please help improve this article by adding citations to reliable sources. (help, get involved!)", men vi manglar (som så mykje anna av hjelpeartiklar, argh!) noko tilsvarande en:Wikipedia:Verifiability og en:Wikipedia:Citing sources som og fins på bokmål, så det pedagogiske poenget glir litt vekk, tykkjer eg. Men som sagt, nokon hyggjelege pedagogar kanskje vil melda seg?--Anders 22:50, 28 mai 2007 (CEST)
Sidan pedagogane ikkje har meldt seg, ropar eg på ingeniørane: Kan nokon med kunnskap om mal-programmering ta bort den underlege setninga i lita skrift, og heller skrive nokre ord med ein peikar til sida med informasjon om det å leggje inn kjelder? - Knut 23:09, 7 juni 2007 (CEST)

endre

Sjølv om eg tykkjer Martin NH har gjort ein særs god jobb med å gjere banneret finare, var det einskilde som framleis ikkje tykte om den. Andre var ueinige i om malen skulle plaserast øvst eller nedst, utan at eg har sett særleg vilje til å ta ein endeleg diskusjon på det. For å forsøke vere bittelitt meir konstruktiv enn siste dagars "hack'n bash", har eg gjort eit forsøk med å fjerna banneret heilt og berre la malen kategorisere artiklane. Så då er vel alle leirar nøgde? Anders 3. mars 2010 kl. 13:48 (CET)Svar

Eg tykkjer vi bør få banneret på plass att, og øvst på sida. Ein av styrkane til Wikipedia er vel at vi viser at vi ikkje er fullkomne, men er på veg til å gjere ting betre.--Andreasv 3. mars 2010 kl. 13:56 (CET)Svar
Ein av svakhetane til Wikipedia er at somme seier potato, medan andre krev at ein seier potato (ja, eg veit det ikkje gjev noko meining på trykk). Om malen ikkje synes, spelar det det mindre rolle om nokon plasserer den øvst og andre nedst. Andre vel å mislika malen eller ta den som kritikk, uansett kva ein gjer med banneret. Anders 3. mars 2010 kl. 14:28 (CET)Svar
Banneret hadde ei god utforming, og eg såg helst at vi fekk det attende, det kan vere bruk for det.
Når det gjeld plasseringa, er den avhengig av korleis banneret skal brukast. Om det skal seie: «Denne artikkelen er for dårleg på grunn av manglande kjeldeopplysningar, og må snarast rettast opp i», så bør det plasserast øvst (jf slettebanner, flettebanner, språkvaskbanner, objektivitetsbanner mfl). Dersom banneret skal seie: «Denne artikkelen hadde vunne på å få fleire kjeldeopplysningar», bør det plasserast nedst, der kjeldene står (jf plassering av spire-banner).
Dersom nokon skulle ha lyst til å plassere eit slikt banner i den elles gode artikkelen «Levande lys», bør det setjast nedst. Anna kunne folk ta ille opp, i alle fall om dei var like nærtakande som eg. -- Knut 3. mars 2010 kl. 15:25 (CET)Svar
Når det gjeld artikkelen til Knut har eg jo alt sagd ein annan stad at eg var samd med at det kunne vore betre å ha nytta malen {{referanse manglar}} istaden, så eg skjønar ikkje kvifor han konstant gneg på dette heile tida (og jamvel kallar meg lite lydhør). Det vart no slik avdi eg gjekk igjennom artiklane til ein annan person, som konstant skriv utan å vise til kjelder i det heile. Beklageleg, men å ta seg nær av og mislike meg og Andreas og SigmundG og alle andre som gjer det på ein annan måte enn kva ein sjølv likar, det vert for dumt av ein som skal være administrator. Då får ein heller forsøke vere noko litt meir konstruktiv og bli samde om korleis ting skal gjerast. Anders 3. mars 2010 kl. 15:50 (CET)Svar
Fram til i dag har, så langt eg kan sjå, alle som har ytra seg om bannerplassering (på denne diskusjonssida) tatt til ords for at at dette banneret bør plasserast nedst på sidene, det vil vel seie der kjeldene normalt bør stå. Andreas har i dag foreslått å plassere banneret øvst. Det kunne vore grunnlag for ein diskusjon, som eg forsøkte å gå inn på. Men når eg vert skulda for å mislike namngitte personar, da melder eg meg av diskusjonen. --Knut 3. mars 2010 kl. 18:45 (CET)Svar
Såpass veit eg, at malen ikkje plasserer seg sjølv. Spørsmålet her er altså om ei avsporing utan konklusjon kan reknast for kva som skal vere endeleg praksis? Nei meiner eg, og tydelegvis andre og. Men når Knut vel å gjeva uttrykk på brukarsider at han ikkje liker at andre har ei anna praksis enn han, har eg vanskar med å ta det seriøst. Anders 3. mars 2010 kl. 22:55 (CET)Svar
Eg har fulgt dette på avstand, og det er ikkje Knut eg har problem med å ta seriøst i denne diskusjonen. --Frokor 4. mars 2010 kl. 07:47 (CET)Svar
For ikkje å gjere dette til ein persondebatt: Eg vart irritert over å få eit banner plassert øvst i ein artikkel eg har skrive, og irritasjon er ikkje noko godt utgangspunkt for debatt. Irritasjonen gav eg uttrykk for på diskusjonssida til Anders. Eg burde vege orda mine betre før eg skreiv, og ber om orsaking for det som kan oppfattast som personkritikk. Dei som arbeider for å heve kvaliteten på artiklane, deriblant Anders, gjer det i beste meining. Det som bør vere saka no, er korleis denne malen bør brukast, til beste for Nynorsk Wikipedia. I den diskusjonen har eg sagt mitt. --Knut 4. mars 2010 kl. 08:36 (CET)Svar
Tilbake til siden «Kjelder manglar».