Male Srakane
Male Srakane er ei øy i Adriahavet ved kysten av Kroatia, mellom øyane Lošinj, Unije og Susak, like sør for Vele Srakane. Då øyane var del av keisardømet Austerrike-Ungarn var Vele og Male Srakane kjend som Gross- og Klein-Kanidol.
Male Srakane | |
---|---|
Vele Srakane med Male Srakane i bakgrunnen | |
Geografi | |
Stad | Adriahavet |
Koordinatar |
|
Areal | 0,605 km²
|
Administrasjon | |
Land | Kroatia |
Fylke | Primorje-Gorski Kotar
|
Demografi | |
Folketal | 2
|
I følgje statistikkar har øya no berre 2 fastbuande. Fleire folk kjem til om sommaren. Innbyggjarane på Male Srakane har stort sett levd av fiske og jordbruk.