Adriahavet er eit relativt lite havområde på vestsida av Middelhavet mellom halvøyane Italia og Balkan og mellom Appenninane og Dei dinariske Alpane.

Adriahavet
hav
Land Mal:Landdata Italia, Slovenia, Kroatia, Montenegro, Albania, Bosnia-Hercegovina
Del av Middelhavet
Utløp Det joniske havet
Stad Europa
Lengd 800 km
Areal 138 600 km²
Volum 35 000 m³
Kystlengd1 3 739,1 km
Type Innhav
Kjelde Adige, Bojana, Drin, Krka, Neretva, Po, Soča
Kart
Adriahavet
42°46′33″ N 15°25′34″ E
Wikimedia Commons: Adriatic Sea
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Italia utgjer vestkysten, medan austkysten går langs Italia, Slovenia, Kroatia, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Albania.

Etymologi endre

Namnet har eksistert sidan antikken. På latin var namnet Mare Superum og på seinare latin Mare Hadriaticum eller Mare Adriaticum. Namnet, som kom frå den etruskiske kolonien Adria (eller Hadria), gjaldt opphavleg berre den nordlege delen av havet (Herodot vi. 127, vii. 20, ix. 92; Euripides, Hippolytus, 736), men strekte seg gradvis sørover då Syrakus-koloniane fekk større makt.

Adriahavet strekte seg derimot aldri lenger enn til Monte Gargano, den ytre delen av Det joniske havet. Namnet vart derimot stundom feilaktig brukt om Tarentumbukta (dagens Tarantobukta), Siciliasundet, Korintbukta og til og med havområdet mellom Kreta og Malta (Acts xxvii. 27).

Adriahavet ligg hovudsakleg mellom austkysten av Italia og Kroatia, og området trekkjer til seg mange turistar. Romarane brukte havet til å transportere varer (som dyr og slavar) til Ostia (romersk hamn).

Areal og djup endre

Adriahavet strekkjer seg nordvestover frå 40° til 45°45' N med ei lengd på om lag 770 km (415 nm), og har ei gjennomsnittleg breidd på om lag 150 km, sjølv om Otrantosundet, som er grensa mot Det joniske havet i sør, berre er 85–100 km breitt. I tillegg reduserer ei rekkje øyar på den nordlege delen av austkysten breidda av det opne havet til 145 km (78 nm). Det totale overflatearealet er om lag 160 000 km².

Den nordlege delen av havet er svært grunt, og mellom det sørlege Istria og Rimini er djupet sjeldan meir enn 45 meter. Mellom Šibenik og Ortona vert det brått djupare, og eit større område her er ned mot 200 m djupt. Frå eit punkt mellom Korčula og den nordlege kysten ved Monte Gargano er det ein rygg med grunnare vatn, og fleire holmar stikk opp av sjøen.

Den djupaste delen av sjøen ligg aust for Monte Gargano, sør for Dubrovnik og vest for Durrës, der eit større området går ned mot 900–1 000 meter. Lengst sør i dette området ligg det djupaste punktet i Adriahavet med 1 460 m. Middeldjupet i havet er om lag 240 m.

Kyst og øyar endre

Den vestlege kysten er generelt låg og glir i nordvest over i myrområde og lagunar på kvar side av elvedeltaet til elva Po. Sedimenta frå elva har ført kystlina fleire kilometer utover i løpet av historisk tid. Adria ligg i dag t.d. eit lite stykke frå kysten.

I Veneziabukta ligg det fleire lagunar, og i ein av desse ligg Venezia. Andre byar langs den italienske kysten er Trieste, Ravenna, Rimini, Ancona, Pescara, Bari og Brindisi.

Austkysten er meir bratt og steinete med mange øyar. Sør for halvøya Istria, som skil Veneziabukta og Triestebukta frå Kvarnerbukta strekkjer den ytre øygruppa seg heilt sør til Dubrovnik. Øyane, som er lange og smale (og som går parallelt med kysten på fastlandet), stig bratt oppover til ei høgd på rundt 100 m, med unntak av eit par større øyar som Brač (Vidova gora, 778 m) eller halvøya Pelješac (St. Ilija, 961 m). Det er over tusen øyar i Adriahavet, og 66 av desse er folkesett.

På fastlandet, særleg rundt Kotorbukta (Boka Kotorska, Bocche di Cattaro; kalla opp etter byen Kotor), fell ofte høge fjell bratt ned i sjøen.

Fargen på desse fjella er ofte lysegrå, som står i kontrast til den mørke vegetasjonen, som på enkelte øyar er frodig. Faktisk er Montenegro (som tyder Svart Fjell) kalla opp etter treet svartfuru som dekker kysten der, og på same vis er det greska namnet for øya Korčula Korkyra Melaina som tyder «Svart Korfu».

Større byar på nordaustkysten er Trieste i Italia; Izola, Koper, Piran og Portorož i Slovenia; Umag, Poreč, Rovinj, Pula, Opatija, Rijeka, Senj, Stara Novalja, Zadar, Biograd na Moru, Šibenik, Trogir, Split, Makarska, Ploče og Dubrovnik i Kroatia; Neum i Bosnia-Hercegovina; Herceg Novi, Kotor, Bar, Budva og Ulcinj i Montenegro; og Durrës i Albania.

Ymse endre

Boravinden (frå nordaust) fører ofte til farlege vêrforhold på havet om vinteren. I tillegg fører sjirokko (sørleg vind) med seg regn om vinteren, medan maestrovinden (vestleg vind) fører med seg klårvêr om sommaren.

Tidvassrørsla er liten, og det amfidromiske punktet ligg like utanfor den nordvestlege kysten nær Ancona.

Begge sider av Adriahavet er populære turistmål, og mange ser på havområdet som eit av dei vakraste i verda.

 
Adriahavet ved Kroatia

Kjelder endre