Malignitet

(Omdirigert frå Malign)

Malignitet (av latin malignus, samantrekking av male 'vondkyndt' og genus 'opphav'; «vondarta») er tendensen ein tilstand har til å vere vedhaldande harmfull, eller vondarta, over tid. Ordet blir oftast brukt for å karakterisera maligne svulstar (kreft). Desse skil seg frå benigne svulstar ved at dei ikkje er sjølvavgrensande og dimed kan trengje inn i nærliggande vev, eller spreie seg til fjernt vev.[1] Ein benign svulst har ingen av desse eigenskapane.

Den vondarta svulsten (R) spreier seg ukontrollert og invaderer det kringliggjande vevet, i motsetnad til den godarta svulsten (L), som blir verande lukka frå nærliggjande vev.
Maligne svulstar (kreft) frå ulike stader i kroppen.
Illustrasjon av Robert Carswell, c. 1830

Ein malign svulst er karakterisert av dårleg celledifferensiering, der cellene mistar si opphavlege form.[1] Den er også karakterisert av genomisk instabilitet, der heilgenomsekvensering av svulsten vil syne mellom 10 000 og 100 000 mutasjonar.[2] Redusert genuttrykk i DNA-reparasjonsenzym er også vanleg. Dette skuldast anten epigenetisk metylering av DNA-reperasjonsgen, eller endringar i mikro-RNA som styrer genuttrykket. Kreft syner vanlegvis også tumorheterogenitet.[3]

Malignitet i onkologi (kreftforsking)

Malignitet utføre onkologi

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Wilkins, E. M. 2009. Clinical practice of the dental hygienist. Tenth edition. Lippincott Williams & Wilkins (imprint av Wolters Kluwer). Philadelphia, PA.
  2. Tuna M, Amos CI (Mars 2016). «Genomic sequencing in cancer». Cancer Lett. 340 (2): 161–70. PMID 23178448. 
  3. Swanton C (Mars 2016). «Intratumor heterogeneity: evolution through space and time». Cancer Res. 72 (19): 4875–82. PMID 23002210.