Kreft er eit samnamn på sjukdomar der ukontrollert cellevekst øydelegg vev i kroppen. Namnet kjem frå lågtysk og har same opphav som kreps etter latin cancer, dette fordi ein meinte at svulsten ved brystkreft, likna ein kreps.

Kreft

Klassifikasjonar og ressursar
Eit CT-bilete som syner vondarta kreft

Ein svulst av kreftceller kallast for tumor. Ein tumor kan vere godarta eller vondarta. Ein malign tumor får dottersvulstar, metastasar, i andre delar av kroppen, fordi kreftceller fell frå mortumoren, vandrar i blodbana og landar i andre vev der det veks fram nya tumorar.

Kreftsjukdomar vil i om lag 50 % av tilfella føre til at pasienten er død innan 5 år (dersom pasienten er behandla med moderne medisin). Det er stor skilnad i dødsstatistikken ut i frå kor tumoren sit i kroppen. Enkelte hudkreftformer er det 99 % som overlever i 5 år, mens det berre er 1 % som overlever kreft i bukspyttkjertelen. Medisinsk behandling av kreft er blitt betre dei seinare åra og det blir nytta store krefter på forsking for å gjere dette tilbodet enno betre.

Kreft skyldast både arveanlegg, alder og ulike miljøfaktorar, som t.d. tobakkrøyk og radioaktive stoff.

I Noreg vart det i 2001 rapportert 22 468 nye tilfelle av kreft. I 2000 vart det registrert 10 447 dødsfall som skyldast kreft.[treng kjelde]

Behandlingsmetodar endre

Det er mange som trur at samansmeltinga av bioteknologi, nanoteknologi og medisin dei neste tiåra, skal føre til ein endeleg slutt på kreft og andre alvorlege sjukdomar.

Krefttypar endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: kreft