Malin Aune (fødd 4. mars 1995) er ein norsk handballspelar frå Trondheim som vart europameister med Noreg i 2016. Frå landslagsdebuten i mars 2015 til utgangane av 2018 deltok ho i 40 landskampar og skåra 58 mål.

Malin Aune
Malin Aune 20180203.jpg
Fødd 4. mars 1995
Selbu
Yrke handballspelar

Aune spelte på heimlege Ranheim IL før ho signerte for Selbu IL på nivå to i seriesystemet. Ho deltok i Ungdoms-VM 2012, der Noreg tok bronse etter siger 36–30 over Romania i bronsefinalen. Etter å ha avslutta vidaregåande skule i 2014 melde ho overgang til oslolaget Oppsal IF. Sommaren 2017 fekk ho kontrakt med Vipers frå Kristiansand.

Aune var med på det norske landslaget som vann Handball-EM 2016 i Sverige.

MerittarEndra

  • Handball-EM 2016: Gullmedalje etter 30-29 mot Nederland
  • Handball-EM 2018: Nr 5 etter 38-29 mot Sverige

KjelderEndra