Selbu kommune

kommune i Trøndelag

Selbu (sørsamisk: Saalboge) er ein kommune i Trøndelag fylke. Han grensar i nord mot Malvik og Stjørdal, i aust til Meråker og Tydal, i sør til Holtålen og Midtre Gauldal, og i vest til Melhus og Klæbu kommune. Geografisk er Selbu ein sidedal til Stjørdalen.

Selbu kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Adm.senter Mebonden
Areal 1 235 km²
 - land 1 147 km²
 - vatn 88 km²
Folketal 4 216  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Ole Morten Balstad (Ap)
Kommunenr. 5032
Kart
Selbu
63°11′54″ N 11°8′25″ E
Wikimedia Commons: Selbu
Nettstad: www.selbu.kommune.no

Geografi endre

Næringsliv endre

Kommunen er kjent for strikking, og mønsteret selburosa, som er gjengitt i kommunevåpenet, finst på eit stort tal vottar, strømper og så vidare frå kommunen.

Selbu er også kjent for store kvernsteinsbrudd i fjellet ved Kvernfjellvatn. Desse brudda var i drift i nærare 1500 år fram til 1930-åra. Allereie i vikingtida foregikk det eksport herfrå til heile Noreg, Danmark og Sør-Sverige, seinare også til Russland.

Selbu er ein skogkommune og har Kjeldstad sag og trelast som hjørnesteinsbedrift.

Kjente selbyggar endre

Bakgrunnsstoff endre

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.