Malovitsa
Malovitsa (bulgarsk Мальовица) er ein fjelltopp i nordvestlege delar av Rilafjella sørvest i Bulgaria. Han er 2 729 meter høg og eit av dei mest populære turistområda i fjellområdet. Rila kloster ligg ved foten av sørsida av fjellet, og Malovitsa skisenter, med to skitrekk, ligg i nord.
Malovitsa | |||
fjell | |||
Malovitsa om sommaren
| |||
Land | Bulgaria | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Rila | ||
Høgd | 2 729 moh. | ||
Malovitsa 42°10′26″N 23°21′47″E / 42.173861111111°N 23.363083333333°E | |||
Wikimedia Commons: Malyovitsa |
Malovitsaregionen er sjølve sentrumet for fjellklatring i Bulgaria. Dei første organiserte ekspedisjonane vart gjort i 1921-22 av turistar frå landsbyen Samokov. Nordsida av fjellet vart først klatra i 1938 av Konstantin Savadzjiev og Georgi Stoimenov. Dette var den største bragda til bulgarske klatrarar på den tida, og vert rekna som starten på den bulgarske fjellklatringa. Seinare vart andre fjellveggar i området òg klatra, og dei aller vanskelegaste vart først klatra på 1970-talet. Etter 1990 har ikkje fjellklatring i Bulgaria vore like populært som tidlegare, sjølv om det er fleire vanskelege granittveggar i området.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |