Rila (bulgarsk Рила) er ei fjellkjede sørvest i Bulgaria, og inneheld det høgaste fjellet i Bulgaria og på Balkan, Musala med 2 925 meter. Massivet er òg det sjette høgaste i Europa (om ein berre tar den høgaste toppen i kvar fjellkjede), etter Kaukasus, Alpane, Sierra Nevada, Pyreneane og Etna. Rila nasjonalpark dekkjer mesteparten av fjellområdet.

Rila
fjellkjede
Land  Bulgaria
Kart
Rila
42°11′00″N 23°35′00″E / 42.18333333°N 23.58333333°E / 42.18333333; 23.58333333
Wikimedia Commons: Rila

Namnet Rila kjem visst nok frå trakisk og ein trur det tyder «fjell med mykje vatn», sidan Rila har rundt 200 fjellvatn. Nokre av dei lengste og djupaste elvane på Balkan har utspring frå Rila, inkludert Maritsa, Iskar og Mesta.

Kulturelt er Rila vidkjend for Rila kloster, det største og viktigaste klosteret i Bulgaria, som vart oppretta på 900-talet av heilage Ivan av Rila.

Geologi endre

 
Rila sett frå Kostenets
 
Maljovitsa, den nest høgaste fjelltoppen i fjellet
 
Den normale årsnedbøren i Rila er fleire gongar høgare enn gjennomsnittet for heile Bulgaria
 
Rilasjøane
 
Maritsa sitt utspring under Marisjki vrah
 
Landskap frå Rila nær Rilasjøane
 
Rila kloster

Rila er eit kuppelforma horstfjell, og ein del av dei eldste landområda på Balkan. Det oppstod frå granitt- og gneis-bergartar og krystallskifer under Paleozoicum (250 000 000 år sidan), men dei alpine utformingane oppstod under den siste istida for 10-12 000 år sidan. Isbreane på denne tida danna djupe dalgryter, pyramideforma fjell, tindar, forskjellige dalar, morener og andre landskap som er typisk for isbrear.

Grenser og klima endre

Rila dekkjer eit areal på 2 400 km². Fjellet stig opp over dei omliggande fjelldalane der Borovets (1 305 meter) knyter saman Musalaryggen med Sjiptsjan, og Sjumnitsa med fjellet Ihtiman Sredna Gora ved fjellovergangen Trajanovi vrata. Jundola (1 375 m) og Abraham (1 295 m) knyter Rila til Rodopifjella i aust, medan Predel (1 140 m) er fjellovergangen mellom Rila og Pirin, og Klisura (1 025 m) mellom Rila og Verila.

Klimaet er typisk for høge fjellområde. Musala får over 2 000 millimeter i året, der 80 % kjem som snø. Den lågaste middeltemperaturen som nokon gong er målt på Musala i februar er -11,6 °C og den lågaste temperaturen er -31,2 °C. Middeltemperaturen i august er 5,4 °C, og det varmaste som er målt er 18,7 °C.

Inndeling endre

Rila er inndelt i fleire geografiske delar

  • Aust-Rila eller Musalaryggen er det høgaste og største området. Den høgaste toppen, i tillegg til 12 av dei 18 toppane her, er over 2 700 meter, mellom anna Musala, Jastrebts, Iretsjek og Deno Mantsjo. Musalasjøane ligg i denne delen av Rila i tillegg til Ledeno ezero, den høgastliggande innsjøen på Balkan med ei høgd på 2 709 meter. Andre vatn i Aust-Rila er mellom anna Maritsa- og Ropalitsasjøane. Utfartsstaden Borovets ligg òg i denne delen av fjellet.
  • Sentral-Rila eller Skakavetsryggen utgjer den minste delen av fjellkjeda (om lag 10 %) og er mest kjend for vatna i området. Fiskesjøane, Dzjendem- og Klostersjøane. Den største innsjøen danna av isbrear på Balkan ligg her, Smradlivo ezero med eit areal på 21,2 km². Av fjelltoppar finn ein Kanarata, Tsjerna poljana, Malak Skakavets og Goljam Skakavets. Ryggen Skakavtsi (fjelltoppane Goljam Skakavets og Malak Skakavets, Ptsjelina og Sveti Duh) er isolert mellom elvane Levi og Beli. Andre ryggar i området er Marinkovitsa og Vodniya tsjal, som strekkjer seg mot skogreservatet Kobilino branisjte.
  • Nordvest-Rila utgjer 25 % av det totale arealet til Rila. Den høgaste toppen er Maljovitsa med 2 730 m. Rilasjøane er eit viktig landemerke i denne delen, i tillegg til mange fjerntliggande fjelltoppar og små vatn.
  • Sørvest-Rila eller Kapatnikryggen utgjer 30 % av Rila og har det eldste reservatet i Bulgaria. Bortsett frå ein liten del lengst nord har ikkje Sørvest-Rila alpine former, slik som dei andre delane har.

Fjelltoppar i Rila endre

  • Musala — 2 925 m
  • Malka Musala — 2 902 m
  • Ovtsjarets — 2 768 m
  • Goljam Kupen — 2 731 m
  • Maljovitsa — 2 729 m
  • Popova kapa — 2 704 m
  • Malka Maljovitsa — 2 698 m
  • Lopusjki vrah — 2 698 m
  • Lovnitsa — 2 695 m
  • Kanarata — 2 691 m
  • Orlovets — 2 685 m
  • Pastri slap (Aladzja slap) – 2 684 m
  • Zlija zab — 2 678 m
  • Eleni vrah — 2 654 m
  • Ravni vrah (Ravni tsjal) — 2 637 m
  • Belmeken (Kolarov) — 2 627 m
  • Kamilata — 2 621 m
  • Goljam Metsji vrah — 2 618 m
  • Dvuglav — 2 605 m
  • Goljam Mermer (Mramorets) — 2 598 m
  • Dodov (Drusjlevisjki) vrah — 2 597 m
  • Kozi vrah — 2 587 m
  • Iglata — 2 575 m
  • Goljam Metsjit — 2 568 m
  • Usjite — 2 560 m
  • Ptitsji vrah (Asjiklar) — 2 536 m
  • Malak Metsjit — 2 535 m
  • Jantsjov vrah — 2 481 m
  • Malak Metsji vrah — 2 474 m
  • Strazjnik (Kurdzjilak) — 2 469 m
  • Budatsjki kamak — 2 447 m
  • Kukov vrah — 2 411 m
  • Tsarev vrah — 2 376 m
  • Damga (Ivan Vazov) — 2 342 m
  • Markov kamak (Gorna Kadiitsa) — 2 342 m
  • Malka Popova kapa — 2 180 m
  • Tresjtenik — 2 020 m
  • Angelov vrah
  • Malak Lopusjki vrah
  • Malak Mermer

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Rila
 
Vinterpanorama av Nordvest-Rila sett frå Jastrebets